INFORMASJON    PREKONFERANSETUR    PROGRAM    KONTAKT    PÅMELDING    DELTAKERLISTE
Velkommen til prekonferansetur!
 
Nordmørsmusea og Norges museumsforbund inviterer til ei rundreise i berekraft og handlingsboren kunnskap knytt til kultur- og naturarv, for å sette takta inn mot årets museumsmøte. Turen startar søndag 23. mars frå Kristiansund etter at flyene fra Trondheim og Oslo har landet klokken kl. 18.00, med kurs for Veiholmen, Smøla. Her får vi oppleve fiskeværet med ein god middag, fortellinger frå livet i havgapet og overnatting til dagen etter. 
 
Mandag morgon dreg vi til Norsk myrmuseum, kor vi startar med eit foredrag om norsk utvandringshistorie, ressursmangel, migrasjon og tiltak mot migrasjon gjennom prosjektet Ny jord, myrdyrking og bufestingsarbeidet. Vi dreg vidare til Rosvoll prestegard for lunsj og samfunnsutviklings-/prestegardshistorie, og ein spanande samtale om Kulisteinen; Noregs dåpsattest. Frå Rosvoll dreg vi til Geitbåtmuseet og Husasnotra, og får omvisning i det historiske kulturlandskapet på vegen dit. 
 
På Geitbåtmuseet får vi omvisning i ei heilt spesiell utstilling av meir enn 50 båtar i samling, med foredrag av Jon Bojer Godal, Lisabeth Syltøy Fiske og Halvard Heide om næmingeordninga, bygningsvern, handlingsboren kunnskap, materialkunnskap og berekraft i musea.
 
Vi reiser attende til Kristiansund på ettermiddagen og er framme til innlosjering på hotellet på kveldinga.
 
Pris kr. 3900,- pr. person i enkeltrom
Pris kr. 3400,- pr. person i dobbeltrom
Inkluderer: Mat og drikke underveis, overnatting, middag og frokost på Veiholmen samt transport. Overnattingen er i eget rom men med delt bad. 
 
Turen vil bli gjennomført ved minimum 30 påmeldte deltakere!
 
   

 

Powered by WebSite